Det Årlege Krabbelaug | 19/7 | Åtgaum | Verta av Krabbekonge Åge Østensen

0,5 kilo med klør, deileg feita og mykje smør!

page view image
Event date

Wednesday 9 Jul 2025 15:04

Ends Thursday 10 Jul 2025 15:04
order

Available items

ticket item
Billett til krabbelaug
event image

Event information

Tradisjonen er lika gammal som butikkjen på Vikjo. 

På menyen ventar surdeigsbrød frå Spissøy, dressingar, sitrussmør og ikkje minst: eit halvt kilo med krabbeklør i frå Sunnhordlandsbassenget.


Krabben har Åge feita opp og han har slik ein kontakt med krepsdyret at han har gjeve kvar enkelt navn. Kvaliteten kan den gjennomsnittlege hobbyfiskar berre drauma om. 


Det er nettopp denna draumen me skal skapa og har tradisjon for å skapa - kvar sumar - her på Åtgaum. 


Eit vakkert måltid med gode vennar, med latter, colgate-smil og god service. Åge serverer litt skrøner, gode fiskehistoriar og fortel litt om livet han har skapt på sjøen i lag med broderen gjennom firmaet deira kalla Skjærgårdsservice.


Prisen er den same den alltid har vert - ingen inflasjon her - 

Lette 499,- for 0,5 kilo med krabbe.


Bli med oss og bestill deg billett!

Tags

krabbelaug
krabbelag
taskekrabbe
åge
østensen
åtgaum
Organizer
Åtgaum Bistro & Vinbar