Bokbad med Agnes Ravatn

Me gler oss til ein prat med ei som er vorten ein meister i fleire sjangrar. Vel møtt!

page view image
Event date

Thursday 19 Feb 2026 19:00

Ends Thursday 19 Feb 2026 21:30
order

Available items

Ikkje medlem
Medlemsbillett
event image

Event information

Stord Mållag inviterer til bokprat med sjølvaste Agnes Ravatn! Ho har hausta åtgaum for si nyaste bok "Doggerland" som kom ut på Samlaget hausten 2025. «Doggerland» handlar om forleggarfamilien Høst kor det er duka for arvestrid. Salstala stuper, folk les ikkje bøker og det er generell guffen stemning på ei aude øy på Vestlandet. Me gler oss til ein prat med ei som er vorten ein meister i fleire sjangrar. Vel møtt!
Før bokpraten avviklar Stord Mållag årsmøte. Alle som vil er velkomne!


18.00: Årsmøte


18.30: Baren opnar - høve til å kjøpa middag og drykk. Anders tilbyr heimelaga boeuf bourguignon til berre 249,-!


19.30: Bokprat med Agnes RavatnBillettpris: Medlemer i Stord mållag: 120,- Andre: 170,-Kjøp billettar på Kulturhuset eller på nett via billettlenka. Det kan vera lurt å sikra seg billett raskt - her kan det bli fullt!


Det er plass til 60 stk i lokalet.

Tags

agnes
ravatn
Organizer
Åtgaum Bistro & Vinbar