Ei jazzy jul med Dovilė, Brita og vener!
Her får du høyre dei kjende jule-slagerane i litt nye og jazzy draktar <3
Dei to musikalartistane frå Stord, Brita og Dovilė, tenkte ein kald oktoberdag: “Hmm me skal ikkje arrangere ein jazzy julekonsert på Åtgaum i år?” Dei ringte Anders på Å som sa “kjør”, -så konsert skal det bli!
Her får du høyre dei kjende jule-slagerane i litt nye og jazzy draktar.
Med seg har dei:
Frank Omar Vad på trommer
Haakon Hellesøy på bass
Johannes Hellesøy på gitar
Dovilė Martinkutė og Brita Angeltveit er på vokal
Denne samansetninga av lokale, profesjonelle utøvarar gler seg til å få spele heime på Stord! Kom i julestemning med oss! Her kan du både danse og sitje heilt i ro og nyte musikken. Det blir fint, gøy og veldig veldig koseleg :’)
Me vil at alle som vil, skal få moglegheit til å kome. Difor kan du sjølv velje kor mykje du vil betale for billett. Velkommen!