page view image

Mal og Fjas med Bitta Bøthun Bjørnsdotter | Oktober 30

Informasjon
event image

Er du heilt elendig til båe maling og tekning? Kjempe greier!


På Onsdag 30. Oktober skal me ilag med Bitta Bøthun Bjørnsdotter kanskje verta litt betre til å mala. Gjennom eit sett med oppgåver skal Bitta visa oss veg! Kanskje vert me ikkje nye store samtidskunstnerar, men gu' kor løye me skal ha det! Detta er eit opplegg med laus snipp altå.



Er dykk ein vennegjeng, eller eit par eller kanskje du vil komma åleina? Me har plass til alle - eller vertfall 25 stykker. 


Me stiller med alt av utstyr - så det treng du ikkje å tenka på!


Bitta Bøthun Bjørnsdotter har etterkvart blitt eit kjent namn i kulturlivet på Stord. Ho har hatt ein drøss med ustillingar av egne verk på forskjellige gallerier. Bileta hennar er av ein djup personleg karakter, men ho dyppar også tærne i meir abstrakte landskapsmalerier der ho hentar inspirasjon frå Vestlandet.

bitta bjørnsdotter mal fjas kos