ATLE HANSEN SONGAR GJENNOM 70 ÅR

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Songar du kjenner, songar du ikkje har høyrt før, songar du kan syngja med på, klappa til, lytta til, songar du kanskje hadde gløymt, songar og lytta til, songar du ikkje hadde trudd du skulle få høyra denne kvelden. Songar frå Atle Hansen sitt snart 70-årige liv. Alle framførte med Atle Hansen si særeigne stemme og personlege tolking.


I november fyller visesongaren, låtskrivaren og forfattaren Atle Hansen 70 år. Så lenge han kan hugsa har han sunge og vore oppteken av songar. Og i nesten heile livet har han sunge og spela for folk. Rock, blues, pop, country og viser. Oftast eigne songar, men også songar av andre.  I dette programmet har han funne fram til songar frå alle tiåra han har levd i. Nokre har han hatt på repertoaret før, andre ikkje. Nokre har han skrive sjølv, men dei fleste er av andre.  Her blir både Elvis, Stones og Tom Waits, men også meir ukjente låtskrivarar og songar frå Atle Hansen sine favorittartistar.


Redusert pris til alle fødde i 1954.

Tags

atle
hansen
musikk
stord
leirvik
live
Organizer
Åtgaum Bistro & Vinbar