Vinsmaking | Beaujolais Nouveau
Endeleg Beaujolais slepp på Åtgaum!
Information
Beaujolais Nouveau ringer nok ei bjelle hjå dei fleste. Desse særegne unge, lette vinane som kjem ved midten av November kvart år.
I tre år har Anders løfta knytteneven mot himmelen og ropt: Til neste år skal me holde smaking ved Beaujolais-sleppet! Akk!
I år skjer det. Litt tidligare på dagen enn vanleg, men vinen er ung og me vil ikkje at den skal eldast meir enn naudsynt.
I år skjer det. Med seg har han sin gode makker og gode ven, Espen. Dei to fargerike frisjelene skal ta oss med på ei reise i Beaujolaisens verd. Me skal sjølvsagt ha ein deileg ost og litt spek på eit fat.
Vel møtt<3