Vinsmaking Med Harald Sværen-Hjulstad
Information

Laurdag kjem ein av våre vinleverandørar siglande inn på Stord. Han påstår han har traska heile vegen frå Mo i Rana – på eigne bein! Vel, vi tek den med ein klype salt … og smaksprøvar vin. For ja, han kjem faktisk – for å treffe DEG! Sekken hans er som ein vinkjellar: du veit det ligg mange kuriositetar der, men du anar aldri heilt kva som dukkar opp. Nokre av hans personlege favorittar blir i alle fall med – smaksprøvar som starta som uskyldig druemost, men som etter litt boblande fermentering har vorte eit rafinert produkt. Og vi kan love deg: når Harald og Vininor kjem på vitjing får ein mykje kunskap med på kjøpet.