page view image

Makrellstørjelaug med Team Big Blue | Fredag 10. Januar

La oss feira at makrellstørja er tilbake i fjordane!

Information
event image

Hei alle saman!

Team Big Blue er lokalisert på Eldøyo - der dei vender nasa ut mot ope hav (i rykk og napp) og fiskar størje på stong. Dei er altså eit av eit lite knippe laug som har fått løyve av Fiskeridepartementet til stongfiske. Dei fleste har fått med seg rekordfisken dei drog opp - som gjekk landet rundt i rikspressa. Interessa for denne fantastiske fisken er på topp og ønskene frå folk her i Sunnhordland om ein ny størjekveld har vert mange. Difor:



Fredag 10. Januar vil me her på Åtgaum invitera dykk til eit størjelaug, ilag med Team Big Blue. Her vil me by på fiskehistoriar, størjehistorie, skryting, litt lyging og sjølvsagt: Makrellstørje, eller blue fin tuna, som nokre kjenner den att som. Ikkje minst vert nyttar me høve til å visa kva utsyr som vert brukt og så vert det framsyning av litt bileter og videoar i frå fiske. Berre sånn at dykk veit at ikkje alt berre er skryt og skrøner!



Me vil presisera at billetten er for setet. Ein har ikkje lov å omsette makrelstørje på ein sånn lisens som Team Big Blue har. 


Kokkane våre vil laga to rettar med makrellstørje som hovedelement, dette får ein gratis om ein har billett. Her skal dei blanda klassiske størjemåltid med ein moderne touch.




Velkommen skal dykk alle vera til ein fantastisk kveld!

makrellstørje stord mat skryting lyging fiskehistoriar fiske team big blue