Maria & De to andre

page view image
Event date

Sunday 27 Oct 2024 19:00

Ends Sunday 27 Oct 2024 21:00
Calendar entry will adapt to your local time zone
order

Available items

ticket item
Maria & De To Andre
event image

Event information

Maria & De To Andre er tilbake igjen! 22 år har gått sidan den akustiske trioen stod saman på ei scene. Dei tre er: Maria Malmsten: vokal, lydkulisser, Einar Steinkopf: gitar og Truls Horvei: poesi. Alle tre har vore markante i kulturlivet i Sunnhordland gjennom mange år.

Då Maria ble 60 år i mars, framførte Einar og Truls dikt blant annet frå CD-en dei kom med i 2000, samt nye dikt. Maria blei oppglødd og ville gjere eit comeback for trioen. Det skjer på Åtgaum, søndag 27. oktober kl. 19.00.

Denne gong er alle tekstane skriven av Truls – og musikken er heilt ny. Truls skriv om alt frå kjærleik, kattar, fjordar og robåtar til paraplyar og dei ulike årstidene. Med og utan humor. Han har bak seg i alt 11 diktsamlingar og to ungdomsromanar. Siste diktbok kom i fjor, «Framoverlent i fluktstol». Maria er dirigent for fleire kor og jobbar i kulturskulen. Einar er gitarlærar på Stord vid. skule og utøvande gitarist. Begge to skriv og arrangerer musikk.

Få med deg konserten! Billettpris: kr 250. Konserten er støtta av Norsk Forfattersentrum

Tags

maria
de
to
andre
live
åtgaum
oktober
Organizer
Åtgaum Bistro & Vinbar